Den 18 år gamle bilføraren som skal ha prøvd å køyre frå politiet, hadde ikkje førarkort. Han er i tillegg mistenkt for å ha køyrt i rusa tilstand, og politiet har tatt utvida blodprøver av både han og den 20 år gamle passasjeren hans.

— Avslutta biljakta

Det heile starta då to betjentar frå det lokale lensmannskontoret køyrde rutinemessig patrule med uniformert bil i Årdal denne lørdagskvelden. På veg frå Årdalstangen mot Øvre Årdal såg tenestemennene at dei vart innhenta av ein annan bil, men at bilen bak straks etterpå sakka av og forsvann frå bakspegelen. Politifolka valde då å køyre ut i ei busslomme for å vente på at bilen, ein Toyota personbil, atter skulle dukke opp.

Kort etter kom den mistenkelege bilen, men føraren ignorerte fullstendig politiets forsøk på å vinke han inn i busslomma. I staden gav han gass, og dermed var jakta på den ukjente bilen i gang. Den uniformerte politibilen brukte sirener og blålys under forfølginga av den mistenkelege bilen på riksveg 53 mot Øvre Årdal.

— Dei har forklart at dei avbraut forfølginga straks dei kom inn i tettbygd strok. Ifølgje det dei har forklart pågjekk det altså ikkje lenger noko biljakt då ulykka skjedde, seier politifullmektig Asbjørn Onarheim i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Men litt lenger framme gjekk det altså likevel gale. I forsøket på å unnsleppe foretok 18-åringen ei desperat forbikøyring, og kolliderte hardt med ein møtande Mitsubishi personbil i krysset Storevegen/Utlavegen i Øvre Årdal.

Uavhengig forklaring?

18-åringen pådrog seg sjølv dei hardaste brotskadene, og vart same natt sendt frå Lærdal sjukehus til Førde sentralsjukehus. Den 20 år gamle passasjeren hans og kvinna i 30-åra i den møtande bilen vart sendt til Lærdal sjukehus med lettare skader.

— Tilstanden til 18-åringen skal være alvorleg, men stabil. Det er ikkje fare for livet, seier Onarheim.

Som om biljakta og frontkollisjonen ikkje var nok, kom ein rusa forbipasserande og blanda seg inn i redningsarbeidet like etterpå. Mannen skulle på død og liv inn i bilen til dei to skadde, og slo ein av politibetjentane i ansiktet då han vart hindra. Politimannen fekk ikkje nemneverdige skader av slaget, men den agressive mannen vart lagt i jern og innbrakt til arresten.

Asjørn Onarheim, som hadde juristvakt ved politidistriktet denne helga, meiner saka er takla på ein korrekt måte etter at ulykka var eit faktum.

— Dei to tenestemennene som køyrde bak deltok sjølvsagt i det akutte arbeidet etter kollisjonen. Men eg varsla ein politipatrulje i Sogndal, som reiste til Årdal og tok over. Deretter varsla eg Sefo, fortel Onarheim. - Etter mitt skjøn har dette vore handtert etter boka.

— Har dei to betjentane vore skilt etter ulykka, slik at dei får forklare seg uavhengig av kvarandre overfor Sefo?

— Eg kjenner ikkje til korvidt dei har hatt høve til å snakke saman, seier Onarheim.