— Me fekk melding om brann i eit våningshus på ein gard i Flåm klokka 8.10 i dag. Mannen og kvinna som bur i huset klarte å ta seg ut på eiga hand saman med barnet sitt, seier operasjonsleiar Arild Stokkereit i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Han var sist i kontakt med politi på staden klokka 8.45, og då brann huset framleis. Brann-og beredskapssjef Arvid Gilje i Aurland kommune fortel at brannen var sløkt klokka 9.07.

— Brannen skal ha begynt i stova, men den endelege brannårsaka er enno ikkje kjend, seier Gilje.

Brannvesenet fekk melding om brannen klokka 8.02 og klokka 8.16 var brannvesenet på staden.

Stokkereit opplyser at det skal vera mogleg å redda mesteparten av huset.

Huset står ikkje langt frå driftsbygningane på garden, men det skal ikkje ha vore fare for spreiing.