Politiet fekk melding om trafikkuhellet på E39 ved Bekkevatnet, mellom Sande og Førde, klokka 1 natt til laurdag.

– Ein personbil med tre personar hadde køyrt i fjellveggen og bilen blei ståande midt i vegbana etter uhellet, skriv politiet i Sogn og Fjordane i loggen.

Dei tre personane i bilen blei tatt med i ambulanse til sjukehuset i Førde for sjekk. I bilen var det også seks-sju papegøyar som politiet måtte ta hand om.

– Dei blei tatt med til lensmannskontoret og overlevert til slektningar av dei som var i bilen, seier operasjonsleiar Per Rimmen.

Bilen fekk ein del skader og måtte tauast vekk frå staden. Trafikkuhellet vil bli etterforska av lensmannen i Førde og Naustdal.