Det melder Haugesunds Avis. Forhjulsgaffelen knakk på grunn av ein fabrikasjonsveikskap i eit stag.

Sykkelprodusent Øglænd tek ansvar for ulukkene, selskapet merka veikskapen i fjor sommar og prøvde å få alle syklar med veike plaststag ut av marknaden.

Både Olav Kristian Halleraker (13), Jarle Siggjarvåg (14) og Bjarne Fylkesnes (13) fauk over sykkelstyret då gaffelen knakk. Mest skadd blei Bjarne Fylkesnes som måtte til Haukeland Sykehus med brot i begge leddfeste i kjeven.