Kadavera blei funne før helga i Homradalen på vestsida av Fjærlandsfjorden. Laurdag var rovviltkontakt Einar Fortun i Fjærland og undersøkte kadavera. Han slår fast at husdyra er drepne av bjørn.

— Det er avliva på akkurat same måte som dei andre dyra vi har funne, seier Fortun.

— Er det råd å seie noko om kor tid desse sauene har late livet?

— Det er veldig vanskeleg å seie sikkert, men det kan sjå ut som om desse dyra er drepne før sauene i Mundalsdalen. Vi trur difor bjørnen har komme ned i Homradalen, og så gått vidare innover til Mundal, seier Fortun.

Kadavera i Mundalsdalen blei oppdaga i pinsehelga, men Statens naturoppsyn trur dyra der blei drepne rett før pinse.