Klokka 02.15 fekk politiet melding om ein samanstøyt mellom to bilar i Juviksvingen i Vik. Ein mann i 20-åra er mistenkt for promillekjøring, og det er tatt blodprøve av mannen. Ein person skal ha vorte lettare skadd og sendt til sjukehuset på Voss for sjekk.

Vel ein halvtime seinare small det på nytt. Denne gongen var det ein mann i 20-åra som kjørte i fjellveggen like ved Sundefjellstunnelen i Flora kommune. Han skal òg vera lettare skadd, og det er mistanke om at han har hatt ting innabords som ein ikkje bør ha når ein skal kjøra bil.

Også i Hardanger har politiet mistanke om at ein mann har kjørt med promille etter at dei fekk melding klokka 00.45 om at ein bil var funne liggjande på taket i Lofthus. Etter ei stund fann dei ein mann som dei trur var førar av