Om Sogndal stikk av med sigeren i strikkekonkurransen Strikk07 blir først klart i morgon. Då skal begge skjerfa målast på Vestlandske Kunstindustrimuseum i Bergen. Den noko uvanlege konkurransen mellom dei to fotballaga har gått føre seg sidan mars 2007.

Flinke med hendene

Laurdag var lengda på sogndalsskjerfet offentleggjord på storsenteret. Sogneskjerfet er heile 3.386 meter langt.

– Eg reknar med at vi slår Brann ganske komfortabelt, vi sogningar er mykje flinkare med hen-dene våre enn bergensarane, uttalte sogndalspilleren Kurt Heggestad til sogndalfotball.no, 6. februar. I morgon offentlegggjer fotballdommar Terje Hauge kven som er vinnaren av konkur-ransen, og dermed om Heggestad hadde rett.

Strikkekurs og stå-på vilje

Spelarane frå begge laga har vore på uhøgtideleg strikkekurs og mange aktive supportarar har kasta seg over strikkepinnane.

Brann og bergensarane leia heile våren, men i sluttspelet har Sogndal tatt seg skikkeleg saman og gitt alt. I oktober melde NRK Hordaland at Sogndal hadde strikka 750 meter, 200 meter meir enn Brann.

Når strikkekampen er avgjort, skal skjerfet tovast, og verta til nødhjelpstepper for Redd Barna.

Trur du Brann vinn konkurransen? Sei di meining her!

HAR GJORT SITT: Elevar frå Ny krohnborg skole strikkar Brannskjerf i konkurransen om det lengste supporterskjerfet.
Arne Nilsen