Det var fleire innbrot på Voss i julehelga. Mellom anna var det innbrot på Vangen skule, i sosialbygget og hos Økonor.

— No har vi oppklart desse innbrota. Det er tre unge lovbrytarar som står bak, dei er 14 og 15 år gamle. Dei same småkarane har stått bak mange innbrot i Voss i sommar og haust, seier politioverbetjent Lars Fykse ved Voss lensmannskontor til bt.no.

Politiet har funne litt tjuvegods, men fleire stader har det vore mest skadeverk.

– Kva skjer med slike kriminelle ungdommar?

– Vi har dei inne til samtalar, og barnevernet vert varsla.