Mellom klokka halv ni og ni onsdag kveld kom det tre meldingar om at hjortar var påkøyrde av bilar.

Den første påkøyrsla skjedde i Dale i Fjaler like etter klokka halv ni. Tjue minutt seinare kom ei tilsvarande melding frå Naustdal. Og berre nokre få minutt seinare vart det meld om ein ny kollisjon på vegen mellom Lavik og Valheim.

– Det kjem slike meldingar nesten kvar dag, seier operasjonsleiar i Sogn og Fjordane politidistrikt, Inge Værøy.

Ingen personar skal vere skadd i ulukkene. To av hjortane er daude, og det vart onsdag kveld gjennomført søk etter den tredje.