Jordajenta på Lid, bronsevinnaren i freestyle hopp frå OL på Lillehammer, Hilde Synnøve Lid, gifta seg laurdag med Frode Bremertun Rokne, ein lettare urbanisert sambygding med styrke i aksjemekling.

Skiakrobaten vil nok blånekta på at ho har funne seg ein finansakrobat, men har sikkert testa ut kor flink brudgommen er til å svinga høygaffelen. Han er oppvaksen rett ovanfor Vangen, men har slektsrøter i Raundalen og var supertalet i skiskyting. Vi nektar likevel å tru at han hadde våga å fylja kona utfor spretthoppet i freestylebakken.

Smalahovekongen Ivar L. Løne hadde spent dei to eldste merrene sine framfor staskjærra då Hilde Lid kom til kyrkjes med faren Kjell Arne, og då ho saman med brudgommen vart skyssa vidare til bryllaupshotellet.

Japanske bryllupsgjester, vener av Hilde etter OL i Nagano, utgjorde eit eksotisk innslag med sine nasjonaldrakter, innimellom norske bunader frå fleire kantar av landet.

FOTO: ARNE HOFSETH