Skulebussen kom rett etter at raset hadde gått, og folk som skulle på arbeid hadde nett passert området.

Tidlegare har det gått flerire ras i same området.

-Det har komme ned fleire store steinar, men dei største har truleg gått over vegen, fortel Magne Sandvik.

Vegvesenet er no på staden. I ettermiddag kjem også ein geolog til området for å vurdere om det er trygt å opne vegen.

GUNNAR STUDERER RASET: Gunnvar Seljeseth ser her på raset. Bygda i bakgrunnen er Sandvika der fire gardsbruk er isolerte. FOTO: TERJE ULVEDAL
INNESPERRA: Raset har sperra inne tre gardar i Sandvika i Flora. FOTO: TERJE ULVEDAL