JOHN LINDEBOTTEN

— Heile poenget med å byggja nye ferjer på Kyststamvegen var å få ned reisetida for næringslivet. Så høyrde eg før helga eit rykte som gjekk ut på at Fjord 1 hadde fått konsesjonen for ferjedrifta mellom Halhjem og Sandvikvåg der dei kunne bruka 50 minuttar på overfarten, slik som i dag. Dette er heilt horribelt, så mykje krefter og energi som har vore brukt for å få oppgradert dette ferjesambandet, seier byrådsleiar i Bergen, Monica Mæland (H) til Bergens Tidende.

Både i Bergen, Haugesund og i Stavanger vart det i går arbeidd på spreng med eit felles brev om saka til samferdsleminister Torild Skogsholm. Brevet fer til Oslo i dag, om det då ikkje vart sendt seint i går kveld.

Spørsmål i fylkestinget

— Vi er sjølvsagt med på eit brev til samferdsleministeren. Eg veit ikkje om det er meir enn eit rykte, det som eg har høyrt, men det er greitt å vera føre var, seier ordførar i Haugesund, Petter Steen, H., til BT.

Samarbeidsrådet for Sunnhordland skal òg vera med på brevet frå dei tre byane. Samarbeidsrådet har alt sendt eit eige brev. Leiaren i rådet, Austevoll-ordførar Helge André Njåstad, vil og ta saka opp i ein interpellasjon under fylkestinget, som vart halde i Bergen 12. og 13. oktober.

— Eg er redd for at krav om reisetid ikkje er teke med i grunnlaget for tilboda som dei konkurrerande selskapa har sendt inn, seier Njåstad.

Avgjerd i neste veke

Seniorrådgjevar Stein Petter Eriksen i Vegdirektoratet vil seia verken det eine eller det andre om dette.

— Men det er ynskjeleg å få redusert reisetid på strekningane. Det sa òg samferdsleministeren på eit møte i Stavanger i februar, seier Eriksen til BT.

— Når kjem avgjerda om kven som skal få konsesjonen?

— I slutten av neste veke, svarar Stein Petter Eriksen.

Etter det Bergens Tidende kjenner til, er det berre to selskap som konkurrerer om konsesjonen på Halhjem-Sandvikvåg. Det er HSD saman med Stavangerske, og Fjord 1, der Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane samarbeider med Møre og Romsdal Fylkesbåtar.