— Det vert ikkje gjeve noko anna behandling enn at dei skal vere heime til dei ikkje har diarè lenger, og to dagar etterpå, seier kommunelege Olav Skogen til NRK Sogn og Fjordane.

Smitten er ikkje farleg for friske menneske, men er likevel svært ubehageleg med symptom som diarè. Salmonella er også svært smittsamt.

Tal frå Folkehelseinstituttet syner at fram til byrjinga av mars i år var like mange smitta som i heile fjor, skriv NRK Sogn og Fjordane. Seniorrådgjevar Line Vold seier dei ei stund frykta at smitten kom frå andre enn småfugl.

— Vi har ikkje funne andre forklaringar, så det ser ut som om det er fuglane som har skulda i år og. Det vi ser er at det også er meir sjukdom hos fugl enn vanleg, så det er nok ein samanheng her.