To personbilar og eit vogntog kolliderte på E 16 like aust for Borlaug-krysset i 12-tida i dag.

Ingen av dei fire kom alvorleg til skade. Ein av personbilane har ifølgje politiet fått skrens i ein skarp sving, og frontkolliderte med den møtande bilen.

Det var svært glatt i oppstigningen til Filefjell. Sjåføren av semitraileren var sjanselaus til å stanse, på veg ned frå fjellet.

Han klarte å manøvrere vogntoget mot ein fjellknaus, og hindra dermed å køyre inn i dei to bilane med i alt sju personar.

To av dei kom lettare til skade, mens to andre var med ambulansen for rutinesjekk på sjukehuset. Ulukka skjedde ein kilometer aust for Borlaugkrysset og E 16 var stengd i over to timar.

KRASJ: Hans Eraker henta to av dei skadde bilane med bergingsbilen.
FOTO: JENS HAUGE