Tips eller bilder? Send MMS/SMS til 2211, eller skrive-post

Brannvesenet fekk melding klokka 14.19 om tre bilar som har kollidert utanfor Glaskartunnelen, retning sentrum.

Totalt var det fem personar involvert i ulukka, alle slapp frå kollisjonen med lettare skadar, ifølgje Sigbjørn Villanger ved 110-sentralen.

— Éin person er tatt med av ambulanse, lettare skadd. Dei andre har fått sjekk av helsepersonell på staden, seier Villanger.

— Bilane har fått store materielle skadar. Dei er fjerna med tauebil, seier Morten Rebnord i Hordaland politidistrikt.

Tunnelen var stengt etter ulukka, men like før klokka 15.00 er tunnelen opna.

Klokka 15.50 melder Vegtrafikksentraken at trafikken flyt greit på staden.