— Eg trudde dansketida og embetsmannsveldet var forbi, seier Rune Ystebø og ristar på hovudet.

Han legg fram eit kart frå 1857. Der står det Ystebø. Andre gamle kart og skriftleg dokumentasjon som han og sonen Johnny har samla syner det same:

— Ystebø er brukt på folkemunne i 150 år og namnet er skrive slik like lenge. Den einaste andre skrivemåten eg finn er Ystebøe i folketeljinga i 1801, det må vere noko dansk, seier Johnny Ystebø.

Rettskriving

Soga om den ekstra «t»-en byrja å rulla i januar 2006. Då fekk Statens kartverk melding om at Radøy kommune hadde vedteke skrivemåten Ystebøtræet og Ystebørinden for to vegar i området.

Kartverket avgjer skrivemåten til natur- og bruksnamn som fell saman med nedervde stadnamn og henta ei vurdering hos Statens namnekonsulentar på Vestlandet. Dei held til ved Nordisk institutt på Universitetet i Bergen.

Ei offisiell stadnamnform skal etter lova om stadnamn tilpassast gjeldande rettskriving. Det er i dette tilfellet ytst (bokmål: ytterst), som på Radøy og andre stader ofte blir uttala og lesen utan den første t-en, skreiv konsulentane. Dei tilrådde at skrivemåten vart Ytstebø.

Sjøkart med skrivefeil

— Me samla inn underskrifter, og alle som bur her var einige om Ystebø, fortel Rune Ystebø og ristar på hovudet att.

Stadnamkonsulentane viste til at det stod Ytstebø på eit sjøkart frå 1961.

— Det var vel det kartet dei fann den dagen. Dei tenkte vel ikkje på at det må vera ein skrivefeil, seier den sindige radværingen.

Han og sonen har mellom anna vore i statsarkivet. Dei fann at staden heitte Ystebø i protokollen frå ei jordutskifting i 1877.

Johnny Ystebø driv også slektsgransking og har i det arbeidet datert stadnamnet attende til kyrkjeboka i Lygra frå 1853.

Ny høyring

Men Ytstebø vart det då Statens kartverk tok si avgjerd i juli 2007. Trass i klagar frå dei som bur på Ystebø og sjølv om namnelova også seier at synspunkta til grunneigar skal tilleggjast særskild vekt.

Så skar det seg. Misforståing/ulik tolking av reglane gjorde at vedtaket ikkje vart kunngjort for alle partane før i januar 2008. Dermed rulla saka vidare med forlengja klagefrist og ny høyring.

Radøy kommune har heile tida gått inn for Ystebø. Radøy mållag og det lokale sogelaget har også støtta Ystebø-folket.

Den 20. januar fekk så formannskapet saka på bordet att og tilrådde på det sterkaste at namnet vert verande Ystebø.

— No er det ny høyring, seier sakshandsamar Leif Taule litt oppgitt, og gjev oss bunken med saksdokument der vi er innom kommunehuset på Manger.

- Ikkje prestisjesak

  • Dette er ikkje noko prestisjesak for oss, seier Åmund Fykse, namneansvarleg i Statens kartverk i Bergen.

BT spør om det går nye tre år før «t»-striden er slutt.

— Eg kan forstå at folk på Ystebø kjenner seg overkøyrde, men det har ikkje vore meininga vår. Reglane for fastsetjing av stadnamn er omstendelege og slike saker tek ofte tid, seier Fykse og gjev Ystebø-folket eit gløtt av håp.

Kartverket har fått signal frå Stortinget om at det kjem nye reglar for fastsetjing av stadnamn der synspunkta til grunneigar skal vektleggjast ytterlegare.

— No får me saka frå Radøy kommune att og den nye handsamlinga bør ikkje ta meir enn eit par månader. Me får sjå om ny dokumentasjon veg tungt for Ystebø innanfor gjeldande reglar. Viss ikkje legg me truleg saka på vent til det er utarbeidd nye reglar, seier Fykse.

Trur ikke staten gir seg

— Her må også andre gjera endringar om det blir Ytstebø, seier Rune Ystebø der han blir fotografert i det fargeglade busskuret rett over vegen frå huset. Han trur ikkje heilt på at staten gjev seg så lett.

— Stoppestaden heiter Ystebø. Det står i ruteheftet til Tide, berre sjekk strekninga Austrheim-Radøy-Bergen, seier Rune Ystebø.

Han har klar melding om ideen om ein ekstra «t» i namnet skulle spreie seg i staten og slå rot i Statens vegvesen:

— Kjem det opp eit skilt med Ytstebø, så får me sjå kor lenge det står.

Veit du om andre namnesaker? Tips oss på bt.no