— Eg har mista all tillit til saksbehandlinga i trygdeetaten. Hadde ikkje eg fått hjelp av familien hadde eg sikkert gitt opp for lenge sidan, seier Karin Johnstad til Bergens Tidende.

Karin Johnstad er innvilga såkalla kvit resept, som betyr at trygdekontoret refunderer 90 prosent av medisinutgiftene over ei viss bidragsgrense. Vedtaket om kvit resept er ikkje tidsavgrensa. Fram til for tre år sidan hadde Johnstad heller ikkje nokon problem med å få dekt utgiftene på sitt lokale trygdekontor.

Etter ei omlegging i 2003 vart all individuell legemiddelvurdering i Hordaland samla på Voss trygdekontor. Då starta også problema for Johnstad.

— Eg fekk refusjonskravet i retur med beskjed om at eg hadde fått avslag på søknaden. Men eg søkte ikkje om refusjon, det har eg jo alt fått innvilga, seier Johnstad, og fortel at legemiddelkontoret avviste at det skulle finnast noko tids-uavgrensa vedtak.

Etter mykje om og men, mangfaldige telefonar og brev fram og tilbake, trudde Johnstad endeleg at ting var i boks romjula 2004. Då fekk ho beskjed om at vedtaket om kvit resept var gyldig så lenge det vert sendt inn spesialistuttale kvart år. Det vart stadfesta at Johnstad hadde gyldig spesialistuttale til og med 28. august 2005.

Men så enkelt skulle det ikkje vera. I sommar fekk Johnstad refusjonskravet i retur på nytt: Søknaden om medisin på blå resept, som betyr at trygdesystemet dekkjer det meste av medisinutgiftene, var avslått.

— Men eg har aldri søkt om blå resept, seier Johnstad oppgitt. Då ho klaga på vedtaket fekk ho beskjed om at det mangla gyldig spesialistuttale.

Då rann begeret over for Karin Johnstad. Ho bad om å få ny saksbehandlar, og klaga saka inn for fylkestrygdekontoret. I sitt svar gjentek fylkestrygdesjefen at gyldig spesialistuttale manglar, og at avslaget såleis er godt nok grunngjeve.

— Den eine saksbehandlingsfeilen slår den andre i hel. Det er det same opp igjen og opp igjen, seier Johnstad.

Johnstad seier til BT at ho går ut med si historie etter påtrykk frå mange - både andre kronisk sjuke og helsepersonell - som har gjort seg liknande erfaringar i møte med trygdeetaten.

Helge Sunde