Fjordane tingrett har funnen mannen skuldig i overgrep mot fire jenter. Med tre av dei fornærma hadde mannen seksuell omgang fleire gonger. Overgrepa omfattar samleie med alle dei mindreårige jentene.

Då brotsverka skjedde, i åra 2006 og 2007, var jentene frå 12 til 15 år gamle. Fjordane tingrett ser mest alvorleg på overgrepet mot den yngste. Ho er også den som i ettertid har hatt største vanskar med det som skjedde.

Retten understrekar at det er den vaksne som har ansvaret for å hindre at finn stad seksuell omgang med barn. Det blir dessutan lagt vekt på at tiltalte ikkje har erkjent nokre av forholda. Då mannen møtte i retten, nekta han straffeskuld.

I tillegg til å sone tre år, må mannen også betale oppreisningserstatning til tre av jentene. Ifølgje dommen må ha ut med mest til den yngste, 50.000 kroner.