Hilde Kristin Strand

Den siste helga i fellesferien hadde politiet i Sogn og Fjordane mykje å henga fingrane.

I Stryn vart det gjort innbrot hos Tonning Vest. Tjuvane tømte tre speleautomatar, men det er førebles usikkert kor mykje pengar dei fekk med seg.

I Kaupanger braut nokon seg inn i ein garasje på NAF si øvingsbane. I garasjen var det mellom anna verktøy og påhengsmotorar, men politiet veit enno ikkje kva som er stole. I Svelgen var det innbrot i ein bil. Dette trur politiet kan sjåast i samanheng med våpentjuveriet i Ålfoten.

Stygg kjøring

Vestlendingar heim frå ferie har fått merksemd frå fleire andre politidistrikt.

Politiet i Sogn og Fjordane har mottatt meldingar om aktlaus kjøring frå både operasjonssentralen i Vest-Oppland og Nordre Buskerud.

Publikum har meldt frå om stygg kjøring frå medtrafikantar på strekninga mellom Lavik og Førde.

— Det er vanskeleg for politiet å fanga opp desse bilistane. Me må ta dei på fersken, seier operasjonsleiar Inge Hauge i Sogn og Fjordane politidistrikt.

To stoppa med promille

Både på riksveg 15 mellom Nordfjordeid og Stryn og på riksveg 614 mellom Nordfjord og Florø stoppa politiet mannlege bilførarar med alkohol i blodet søndag. Dei to bilførarane vart stoppa etter tips frå publikum.