Voss går eit steg vidare med kraftprosjektet i Raundalselva. Vedtaket vart gjort i ettermiddag

Opprør blant «backbenchers» i Ap-gruppa var den store overraskinga i dagens kommunestyremøte. Blant dei menige representantane var mange nok motstandarar til at gruppa praktisk talt vart delt på midten. I formannskapet var alle Ap-folka for.

Likevel vart det fleirtal for å setja ned arbeidsgruppe og styringsgruppe til utgreiingsarbeid. Vedtaket vart gjort med 25 mot 15 røyster.

Mindretalet røysta for eit framlegg frå SV og Venstre om å droppa alt vidare arbeid med saka. Partiet Raudt deltok ikkje på dagens møte.