Eigedomsskatten er gull verd for stadig fleire slunkne kommunekassar. 1,2 milliardar kroner tok kommunane i Hordaland og Sogn og Fjordane inn på skatten i fjor. Sikker og upopulær

Kommunane sin interesseorganisasjon KS framhevar eigedomsskatten som ei sikker, robust og demokratisk inntektskjelde som ikkje kan reduserast ved skatteplanlegging frå skattytarane si side.

Ingen vestlege land har ifølgje KS så låg skatt på fast eigedom som Noreg.

Organisasjonen viser også til ein studie frå Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU) som tyder på at eigedomsskatt er med på å halda kostnadsveksten i kommunane nede.

«Forskerne har undersøkt kostnadsnivået på avløpssektoren i kommunene, og har konkludert med at kommuner med eiendomsskatt på boliger gjennomgående klarer å produsere slike tjenester 20 prosent billigere enn kommuner uten eiendomsskatt. En viktig grunn til dette er ifølge forskerne at en upopulær skatt som eiendomsskatten disiplinerer myndighetene til å drive tjenestene effektivt», skriv KS Eiendomsskatteforum.

**Les også:

Pensjonistpar i skatteopprør**

Mesteparten av denne særkommunale skatten har til no vore pålagt verk og bruk, det vil seia industri og kraftanlegg. Det nye er at stadig fleire kommunar nyttar seg av det utvida høvet til å krevja eigedomsskatt også for private hus og hytter.

Kvinnherad, Kvam, Bømlo, Fitjar, Tysnes og Vågsøy er blant kommunane som i år og til neste år er med på å trappa opp skattejakta.

Askøy, Fjell, Os, Stord, Sveio, Solund, Askvoll, Fjaler, Selje, Eid og Hornindal står att som eigedomsskattefrie kommunar.

Mild tvang

I 2008 var det 293 norske kommunar som nytta eigedomsskatt som inntektskjelde, 21 fleire enn året før.

I alt 6,2 milliardar kroner i eigedomsskatt i 2008 utgjorde 2,4 prosent av kommunane sine samla driftsinntekter, ifølgje Statistisk sentralbyrå.

Staten ved Fylkesmannen – som overvakar kommuneøkonomien – oppmodar kommunar med stor gjeld til å utnytta inntektspotensialet ved å skriva ut eigedomsskatt.

Dette skreiv Fylkesmannen i eit budsjettbrev til Stord kommune i februar i år: «Kommunen har ikkje innført eigedomsskatt, korkje på verk og bruk eller på eigedomar elles i kommunen. Kommunen legg opp til svært høge investeringar og låneopptak i økonomiplanperioden. For å oppretthalde økonomisk handlefridom bør kommunen i større grad nytta sitt eige inntektsgrunnlag.

Stord opparbeidde seg eit underskot på rundt 25 millionar kroner i 2007 og 2008. Men ingen politiske signal tyder på at den borgarleg styrte kommunen vil gje opp statusen som eigedomsskattefri sone.

Klagar på taksering

Kommunane som innfører eigedomsskatt må gjennom eit omfattande takseringsarbeid før innkrevjinga kan starta.

Mange kommunar har valt ein takseringsmodell som Trondheim kommune har utvikla i samarbeid med Geoservice AS.

Tysnes og Bømlo sende blant anna pensjonistar ut i marka for å kontrollera privateigedommar opp mot Matrikkel og byggjemeldingar. Deretter har oppnemnde takstnemnder fastsett taksten. Næringseigedommar er kontrollerte av profesjonelle takstfolk.

– Vi var spente på førehand. Men det har vore minimalt med ubehagelege episodar, takstfolka har blitt godt mottekne, seier Nils Kåre Nysæter, leiar for eigedomsskattekontoret på Bømlo.

550 klager er komne inn etter takseringsarbeidet i Bømlo i vår. Nysæter presiserer at dei fleste går på korreksjon av areal og bygningsopplysningar.

– Eigedomsskatten første år varierer frå nokre hundrelappar til rundt 6000 kroner for kvar privateigedom. Snittet er om lag 1900 kroner, seier Nils Kåre Nysæter. Bømlo reknar med å få inn 12,5 millionar kroner i eigedomsskatt i debutåret 2009. Kva meiner du om eigedomsskatten?