Forskarar frå Universitetet i Bergen registrerte i fjor sommar opptil 100.000 iberiaskogsniglar i eitt mål store hagar på Stord og i Åsane. Hagen er for stadig fleire blitt ein arena for konstant jakt på plantekverkande sniglar i staden for ein hygge— og nytteplass.

Hagelag, bønder og kommunar krev ein nasjonal stordugnad for å bli kvitt skadedyret. Sniglekonferansen på Stord vedtok eit opprop til sentrale styresmakter om å satsa på meir forskning og å fjerna aviftene på preparat som virkar mot brunsnigelen.

Er blitt helseproblem

— Dei spanske skogsniglane er blitt eit trivnadsproblem, og derfor også eit helseproblem, sa Stord-ordførar Magne Rommetveit ved opninga av konferansen.

— Hagegleda er redusert. Motet har svikta hos mange av dei som prøver å bli kvitt snigelen. Det viser ei undersøking i laget vårt, sa Einar Liseth frå Åsane Hagelag.

— Vi må ikkje mista motet. Det nyttar å kjempa imot snigelen, å vera omhyggeleg med reinhaldet i hagen og fjerna dyra etter kvart. Vi må vera ivrige og sjå det positive i kampen; å få god kontakt med naboane, frisk luft og rikeleg med høve til å bøya kroppen, sa Kari Aarekol frå Jæren forsøksring.

Snigelplukking i mai

Ei rekkje metodar er sette inn i kampen mot iberiaskogsniglen som kom til Noreg på 1980-talet. Dynking med saltlake, salmiakk og Jif og utsetjing av øl og moskusender er prøvde med vekslande hell. Forskar Torstein Solhøy ved Universitetet i Bergen helte i går kaldt vatn i blodet på dei som sverjer til å plukka bort det dei maktar av sniglar når dei er mest synlege i juli ý august. Det gir betre forhold for dei sniglane som folk ikkje ser, og som gjerne er fulle av egg.

Snigelplukkinga er mest effektiv i slutten av mai før dyret er vakse, og før dei kjem i gong med legginga av inntil 500 egg kvar rundtom i hagar og grøntanlegg, hevda Solhøy, som saman med to hovudfagstudentar gjennomførte forskningsprosjektet på brunsnigel på Stord og i Åsane i fjor.

Lys i sniglehuset

Det finst effektive middel mot snigelen. Det miljøvenlege stoffet Ferramol (jernfosfat) held blautdyret borte, men det kostar 500 kroner kiloen på grunn av ei statleg miljøavgift på nær 75 prosent.

Nordisk Miljøteknologi AS presenterte eit gjødselsprodukt basert på tare som skal ha fått snigelen til å mista appetitten på pryd- og nyttevekstar som blir sprøytte.

Forskar Solveig Haukeland Salinas frå Planteforsk fortalte om ein liten rundorm som blir parasitt på brunsnigelen og som ved hjelp av bakteriar tek knekken på vertsdyret på eit par veker.

Rundormen, som kan spreiast i hagen som pulver løyst opp i vatn er prøvd i blant anna England. Men i Noreg har Landbrukstilsynet til no sagt nei til import fordi organismen ikkje er påvist naturleg her i landet.

SNIGLEKJEMPARAR: Kari Aarekol frå Jæren forsøksring og Einar Liset frå Åsane Hagelag er blant stadig fleire som ropar på ein sterkare nasjonal innsats i kampen mot brunsnigelen. PLAGE: No kjem brunsniglane, og det vert berre fleire og fleire av dei.<p/>FOTO: OVE OLDERKJÆR