Løyvinga vert 1,3 millionar kroner i 2005 og 0,65 millioner i 2006, vedtok fylkestinget med 34 (H, Frp, KrF, Sp, Pensj.) mot 22 (Ap, SV, RV, V) røyster.

I fylkestinget sitt vedtak heiter det også at det skal startast arbeidet med å finna fram til ei ny driftsform og nye partnarar som kan vera med på å sikra vidare drift av skulen. Ei sak om dette skal leggjast fram for opplærings— og helseutvalet og fylkesutvalet.

Gisle Handeland (Ap) fremja på vegner av Arbeiderpartiet slikt forslag: «Fylkestinget vil hegna om Mange folkehøgskule sin særeigne og viktige kulturpolitiske profil og vil framleis følgja opp eigarskapet med økonomisk løyving.

Fylkestinget føreset at skulen gjennomgår drifta for på sikt å kunna driva skulen utan fylkeskommunalt tilskot.»

Dette forslaget fekk 22 (Ap, SV, RV, V) røyster og fall.

Bjørn Lothe fremja slikt forslag frå SV: « Fylkestinget ynskjer primært at Manger Folkehøgskule vert oppretthalden som fylkeskommunal folkehøgskule. Dersom dette ikkje let seg gjera, må skulen overlatast til ei lokal frilynd folkehøgskulestifting i Radøy/Nordhordland. Det er fylkestinget sin intensjon at ei slik stifting skal få tilførd startkapital frå fylkeskommunen.»

Forslaget fekk 7 røyster (SV, RV). Etter at dette forslaget var falle, røysta SV og RV subsidiert på for Arbeiderpartiet sitt forslag.