— Der er rikeleg med plass på Dokken for den godsmengda som skal inn og ut av Bergen hamn, seier Ole Sævild. Han er administrerande direktør i Sea Cargo, det rederiet som tek storparten av godset til og frå Bergen.

Sævild åtvarar politikarane mot å la seg blinda av statistikk. Rekna i tonn er Bergen hamn den største i Noreg. Men «Bergen hamn» som administrativt omgrep, femner om både Bergen sentrum, CCB-basen på Ågotnes, Sture i Øygarden og Mongstad.

Planane om ny godshamn for Bergen handlar om å finna erstatning for Dokken, som mange meiner ikkje er framtidsretta nok. Men Dokken er midt i blinken for Ole Sævild.

Dokken er ideell

— Av godsmengdene inn til Bergen hamn er det forsvinnande lite som skal over Dokken. Her er det stor nok plass, og plasseringa er ideell. Tett inntil hovudvegnettet og kort veg til jernbanen. Men Dokken kan utan tvil gjerast meir effektiv, slik at snutida til fraktebåtane vert kortare.

Sævild la fram sine synsmåtar tysdag på ein konferanse omkring planarbeidet med ny godshamn for Bergen. Sea Cargo har hovudkontor i Bergen og Sævild er bergensar så god som nokon. Likevel kasta han stein gjennom ruta ved å tilrå Risavika i Stavanger som sentral godshamn for Vestlandet.

Med berre 2-3 timars køyring på ferjefri stamveg til Bergen kunne Hordaland fylkeskommune spara seg bryet med å planleggja ei ekstra storhamn så langt nord.

Sør for Bergen sentrum

Leif Arne Strømmen, styreleiar i Logistikk- og Transportindustriens Landsforening, avd. Hordaland og Sogn og Fjordane, brukar grundige studiar av varestraumane som argument for å at ny godshamn, om det ikkje vert Dokken, må plasserast så nær Bergen sentrum som mogleg.

Tyngdepunktet for varestraumane over Bergen hamn er Bergen sentrum, Fana og Ytrebygda.

— Vi vert nok verande på Dokken 15-20 år til, men på lang sikt vert det politisk vanskeleg å halda fram. Då er Flesland opplagt det beste valet. Men vilkåret er nok areal for god tilknyting både for veg og jernbane, seier Leif Arne Strømmen.

Gods frå veg til bane

Frå brukarsynspunkt er dermed både Lundaneset i Sund, Ågotnes og Fjell og Mongstad i Lindås heilt uaktuelle som ny godshamn for Bergen.

— Di større avstanden vert mellom godshamna og varestraumen, di meir gods vert frakta på veg, seier Leif Arne Strømmen.

Og det vil vera i strid med rikspolitiske retningsliner om å flytta godstransporten frå veg til bane og sjø.