— Ja, dette er ein ny forretningsorden for oss, med opne høyringar ute i distrikta, seier leiaren i transportkomiteen, Per Sandberg, Frp, til Bergens Tidende.

Og det er ikkje til å undrast at den nye praksisen får si innleiing i Bergen og Hordaland. Komiteen kjem hit for å sjå nærare på to av landets dyraste og mest omstridte samferdsleprosjekt; bybana i Bergen og Hardangerbrua.

Og når komiteen kjem attende til Oslo, går det slag i slag.

— 1. februar reknar eg med at saksordførarane både for Bergensprogrammet og Hardangerbrua legg fram utkast til innstilling. Så får komiteen ta nokre dagar til drøfting før innstillingane til Stortinget er klare, seier Per Sandberg.

28. februar er nemnd som dato for den endelege stortingshandsaminga.

Hjelp frå Sortevik

— Eigentleg er det to og eit halvt prosjekt vi skal sjå på. Jondalstunnelen er og med på programmet vårt, sjølv om han enno ikkje er komen på vårt bord. Men vi er no i området likevel, seier Per Sandberg.

Trønderen er ny som samferdslepolitikar.

— Men eg har fått grundig innføring i desse sakene i Hordaland av partikollega Arne Sortevik, som har vore svært aktiv og stilt mange spørsmål til samferdsleministeren, seier han.

Som ein kan tenkja seg, er det mange som har noko dei vil bera fram for komiteen. 21 personar er lista opp til høyringa tysdag føremiddag på Hotel Norge. Temaet er då Bergensprogrammet, med både bybana og Ringveg vest.

Burde hatt klubbe

Per Sandberg skal leia høyringa sjølv, og han må vera streng.

— Kvar einskild person har fått fem minuttar. Det er eit svært stramt opplegg. Eg skulle hatt med klubbe.

Mellom dei som har fått plass på lista, er Gaia-sjef Arne Buanes, NHO, LO, Bergens Næringsråd, Naturvernforbundet, Miljøvernforbundet, Natur og Ungdom og Folkeaksjonen for avstemming om bybane.

Folkeaksjonen vil nytta høvet til å gje komiteen resultatet av underskriftsaksjonen for folkeavstemning, som har pågått sidan jul.

Etter høyringa ber det i buss til Fjell for å få orientering om Sotra-sambandet. Deretter skal komiteen køyra løypa for Ringveg vest og bybana.

Tysdag ettermiddag er det tog til Voss og overnatting på Fleischers.

Skulle hatt ein dag til

Onsdag handlar det om Vossapakko og Hardangerbrua. Høyringa er i møtesalen på Hardangervidda Natursenter i Eidfjord. 17 femminuttars innlegg står alt på lista. Mellom dei Regionrådet i Hallingdal og Setesdal, Miljøvernforbundet, Naturvernforbundet og Ferjekomiteen Vestsida, som kjempar for å halda oppe ferja Kvanndal-Utne-Kinsarvik.

Torsdag står Jondalstunnelen på programmet. Komiteen skal sjå seg om i Nordrepollen før høyringa, som finn stad på Rosendal Fjordhotel. Turen går så via Skjersholmane til Stord lufthamn og fly til Gardermoen.

Vegdirektør Olav Søfteland skal vera med på heile turen. Frå Statens vegvesen Region vest stiller fungerande regionvegsjef Nils Magne Slinde. Ordførarane langs ruta vil og visa seg fram.

— Vi hadde nok hatt bruk for ein dag til, seier Per Sandberg.