Trampoline er populært, men ikkje ufarleg. Det får anklar, albogar, armar og leggar dagleg erfare i høgsesongen.

Berre i april og mai i år har Bergen Legevakt registrert 45 tilfelle av trampolineskader, og dette er truleg berre byrjinga. For dersom véret blir bra, varer trampolinesesongen heilt til oktober.

Til samanlikning registrerte Bergen Legevakt totalt 80 trampolineskader i fjor, dei fleste i juni månad.

— Det ser ut til at talet på trampolineskader blir langt høgare i år enn i fjor, seier førsteamanuensis og lege ved Bergen Legevakt, Christina Brudvik, til BT.

Frå 3 til 40

Også Ortopedisk avdeling ved Haukeland Sykehus behandlar stadig pasientar som har hatt uflaks på trampolina.

— Eg er overraska over kor mange som kjem hit med denne typen skader, seier konstituert overlege Agøst Birgesson.

— På dei siste vaktene har vi nesten dagleg fått inn beinbrot som følgje av trampolinebruk. Folk som havnar på hardt underlag har ofte dei mest alvorlege skadane.

Tal frå legevakta fortel at hovudvekta av pasientane er i aldersgruppa 10-12 år. Men også barn heilt ned i 3-4-årsalderen har fått behandling på legevakta i år.

Men det er ikkje berre barn og unge som skadar seg på trampolina. Den eldste som Ortopedisk avdeling har tatt imot så langt i år var ei kvinne på vel førti. Ho fekk behandling for eit alvorleg ankelbrot.

- Max to om gongen

Dei fleste ulykkene skjer når fleire hoppar på trampolina samtidig.

— Derfor bør max to personar bruke trampoline om gongen, og dei bør vere omtrent like store eller tunge. Trampolina bør ha mjukt underlag eller sikringsnett, informerer Brudvik.

— Vil du åtvare foreldre mot å la ungane bruke trampoline? - Nei, dette er fin trening av motorikk både for barn og vaksne, og er ein positiv, fysisk aktivitet. Men barn bør ha tilsyn av vaksne, og ha klare reglar for bruken.

ALDRI MEIR TRAMPOLINE: 13-åringen Sunniva Helene Ivarsøy må tilbringe sommaren i rullestol og på krykkje. Eit feilslått knehopp på naboens trampoline er årsak.
FOTO: MARITA AAREKOL