— Det ser ut til at Riksantikvaren må gripa inn skal slike baner takast vare på for ettertida, seier Odda-ordførar Toralv Mikkelsen til Bergens Tidende.

Trallebanen i Ålvik er bygt innåt røyret som førte vatn til den gamle kraftstasjonen, ned den stupbratte fjellsida frå 800 meter over fjorden og ned til bygda. Dette er ikkje for den som har høgdeskrekk. Også Mågelibanen i Skjeggedal er bratt, men ligg i eine lia av eit dalføre. Du ser ikkje rett ned i Hardangerfjorden.

Fråskriv seg ansvar

Kraftutbyggarane ser ikkje nytten i slike transportløysingar lenger. I Ålvik har dei fått skjønsretten sitt ord på at det ville vera urimeleg med pålegg om evig vedlikehald.

Botnskrapte kommunekasser er heller ikkje rette finansieringskjelda for kostbar opprusting og drift av transportsystem frå fortida, meiner kommunane.

Kraftselskap og kommunar kvir seg også for å stå ansvarleg for ein alternativ veg til topps. I Ålvik må bygda først skipa eit privat veglag. Så legg Statkraft bunkevis med pengar på bordet. Litt vankar det også frå Kvam herad.

— Vi har ikkje heilt gitt slepp på Mågelibanen. Det er halde ei rekke møte om saka, og det vert venteleg fleire, seier ordførar Mikkelsen i Odda.

Stengt for ålmenta

I dag er trallebanen frå dalbotnen i Skjeggedal til Mågelitopp stengt for folk flest. Eigarane av rundt 40 hytter på Topp (daglegtale for Mågelitopp) har teke over køyringa i ei turnusordning mellom medlemene av hytteeigarforeininga Topp Vel.

— Dei køyrer etter eige behov, mest fredag, laurdag og sundag, og du skal vera medlem av Topp Vel, eller gjest på ei av hyttene, for å få vera med. Det er også opna for medlemer av turlag og ein del andre, fortel Mikkelsen.

Odda kommune har skrudd ned skiltet i Tyssedal sentrum som fortel om trallebanen oppover på sidevegen. Busslastar med turistar blir avviste om dei køyrer opp. Ei opprusting som tilfredsstiller krava til ålment bruk, kostar rundt 17 millionar kroner.

For dyr spiral

Også i Mågeli har det vore arbeidd med alternative vegplanar. Ein privat reguleringsplan er lagt på is fordi riving av trallebanen var ein føresetnad. Vegen ville kryssa banen minst to stader. I staden er det no utarbeidd vegplanar i fleire alternativ. Det mildaste naturinngrepet er ein tunnel i spiral inne i fjellet, slik som i Drammen. Men dette er også det dyraste alternativet, og kanskje det minst aktuelle.