Politiet fekk melding om ulukka i Oldedalen i Stryn kommune i Nordfjord klokka 20.20 i kveld.

— Ein mann er på veg til sjukehuset i Førde etter å ha vore utsett for ei ulykke i samband med ein traktor, seier operasjonsleiar Nils Erik Eggen i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Den skada mannen, som er i slutten av 40-åra, blei henta av ambulanse.

— Det skal dreie seg om ein klemskade mellom ein traktor og eit traktorreiskap. Noko meir veit eg ikkje, seier Eggen.

Politiet har vore på ulukkesstaden og gjort rutinemessige undersøkingar i kveld.

Det skal ikkje ha vore vitner til sjølve ulukka, men fleire personar skal ha kome til like etter.

Mannen skal ha vore bevisst umiddelbart etter ulukka. Seint i kveld opplyser Førde sentralsjukehus at mannen er lettare skada.

Årsaka til ulukka er ikkje kjend.

Saka vert oppdatert