ARNE HOFSETH

— Eg fekk løyve av UP til å køyra på stamvegen i vår, men siste veke stogga Vegvesenet sine folk meg på Kvåle og ville melda meg, seier Ivar Lunde til avisa Hordaland.

Ei strekning av E 16 mellom Voss og Bulken vart i april forsynt med forbodsskilt med raud strek diagonalt over ein umiskjenneleg traktor.

Men politiet er slett ikkje overtydd om at skiltet forbyr traktorar.

For i trafikkreglane er tydinga av skiltet formulert slik:

«Forbudt for traktor og for motorredskap konstruert for en hastighet mindre enn 40 km/t».

I dag finst det knapt ein traktor som ikkje køyrer langt fortare enn 40 km/t.

UP-sjef Leon Nordanger vil ha juristar til å sjå på saka. Han trur at skiltteksten kan vera leivning frå tidlegare tider. Fram til 1999 vart ein traktor definert som eit motorisert køyrety som gjekk fortare enn 6 km/t, men saktare enn 40 km/t.

Vegstellet meiner det går klart fram av teksten at alle traktorar er omfatta av forbodet, og dessutan andre motorkøyrety som går saktare enn 40 km/t. Ordet «for» står to gonger i setninga.

UP er skeptisk til at ein hjullastar som køyrer i 50 km/t skal vera lovleg, medan ein traktor i 70-75 km/t er ulovleg.

Bøndene langs vegen vil ha klar beskjed. Dei synest det er ubehageleg å verta truga med politimelding, og få bøter som seinare vert annullert.

— Eg kan endeleg køyra gamlevegen, men vil gjerne få avklara ein gong for alle kva som er korrekt, seier Ivar Lunde til avisa.

Ei av dødsulykkene på stamvegen skuldast brå oppbremsing då eit vogntog nådde att ein saktegåande traktor i Flagesvingen. Vogntoget hadde for stor fart etter tilhøva, og fekk sleng på tilhengaren, som støytte borti ein møtande bil.