Skjønt, det var òg nokre folk på vegen som hadde stor sympati for protestaksjonen til bøndene. Somme rulla ned vindauget og løfta tommelen for å vise støtte.

Bøndene protesterte mot det dei meiner er eit skammeleg dårleg tilbod i landbruksoppgjeret som vart lagt fram fredag.

Frustrasjon

— No må Senterpartiet berre trekkje seg rett ut or regjeringa!

Sigvard Hopland er frustrert og forbanna mjølkebonde frå Seim i Lindås nord for Bergen. Med barnebarn og protestplakat på traktoren sin køyrde han fremst i den 50 traktorar store kortesjen. Bøndene skapte raskt kaos då dei snegla rundt på E39 over Hagelsundbrua og rundkjøringa i Knarvik ved 13-tida.

— Skammeleg. Det er berre for Bondelaget å trekkja seg or heile forhandlingane. – Ingen vits å vera med lenger, seier han.

Spontanaksjon

Saman med kollega og bondelagsformann Reidar Konglevoll organiserte dei traktorprotesten på eit par timars ringerunde fredag kveld. Responsen var upåklageleg. 50 traktorbønder frå Lindås og Meland sa straks ja til å stilla. Midt i beste våronna.

— Dette er viktigare. Me har ikkje denne markeringa av egoistiske grunnar, seier formann og sauebonde Konglevoll.

— Men me ønskjer å senda eit tydeleg signal til styresmaktene. Få dei til å forstå at landbruket er ei politisk næring, og at me treng friske midlar. Det er krise i dagens norske landbruk, seier bondeleiaren. - Og det vil verta verre i framtida viss me ikkje gjer noko i dag.

Tilbodet til bøndene har ei økonomisk ramme på 750 millionar kroner — solide 1,1 milliard kroner mindre enn kravet til bøndene.

Sjølvberging

  • Lusent, er bondehøvdingen sin omtale av tilbudet frå staten. - Sjølv om me har mat nok her i landet i dag, er framtida usikker for norsk landbruk.

Han snakkar om sjølvberging og om landets matsikkerheit. Og då krevst det meir pengar frå staten, meiner han.

Etter at tilbudet frå staten vart levert fredag, diskuterer bondeorganisasjonene om dei skal bryte eller forhandle med staten. Etter det Nationen erfarer, kan det drøye til sundag før det kjem ei avgjerd.

Kva synest du om aksjonen? Sei di meining i feltet under!