— Han stakk opp frå stien, midt i trakket, seier Olset til avisa Firda.

Den gamle granaten låg midt i eit turområde på nordsida av Bekkjavatnet. Olset forstår godt kvifor ingen har fått auge på han tidlegare.

— Han var såpass rusten at han godt kunne likne ein trebit. Men eg såg at objektet var laga av stål, difor grov eg det opp for å undersøkje nærmare, seier han til lokalavisa.

Politiet sperra av området då dei fekk melding om granaten, og henta inn ein sprengstoffspesialist frå Haakonsvern for å ta hand om han.

— Vi prioriterte saka høgt, sidan granaten låg i eit turområde. Gamle sprenglekamar kan vere ustabile, og gå av ved berøring. Vi veit aldri kva som kan føre til eksplosjon, seier informasjonssjef John Espen Lien i Forsvaret til Firda.

Henning Olset