Angela fekk eit brot i nakken under fødselen som gjer at ho er lam frå nakken og ned. Tverrsnittskaden i nakken lammar pusten noko som gjer at jenta har vore avhengig av respirator 24 timar i døgnet gjennom sitt sju år gamle liv. Ho er verdas yngste pasient som har vore gjennom operasjonen som i dag vart gjennomført.

– Det er som å snu livet opp ned igjen. Dette blir veldig bra. Hvis ho får bort respiratoren og får språk, så er det eit heilt nytt liv for henne, seier far Morten Stadven til tv2.

Professor Raymond Onders frå University Hospitals Case Medical Centre i USA har gjennom fleire år utvikla metoden som no gir Angela sjansen til å puste sjølv. Under ein to timar lang operasjon, opererte han inn fire tynne elektrodar under huden i mellomgolvet til jenta. Elektrodane stimulerer nervane i mellomgolvet og får pustemusklane til å trekke seg saman.

Håper Angela lærer å snakke

Onders står ved senga til Angela og viser korleis pustemusklane hennar i mellomgolvet jobbar opp og ned når pacemakeren vert kopla på.

— Pustemusklane hennar er framleis veldig svake. Dei har jo aldri vore i bruk. Men Angela vil gradvis trene seg opp. Målet er at ho skal klare seg utan respirator det meste av døgnet og på sikt få luft gjennom stemmebanda slik at ho kan begynne å snakke, fortel overlege Ove Fondenes i ein pressemelding frå Helse Bergen.

Opererte Supermann

Onders har gjort 350 slike operasjonar tidlegare, og den mest omtale var då han opererte Christopher Reeve, tidlegare kjent som Supermann. Men ein viss spenning var knytt til operasjonen i dag då Angela er den yngste pasienten i verda som får denne typen behandling.

— Operasjonen i dag gjekk nesten betre enn venta. Samarbeidet med Haukeland har vore svært godt, og eg har tru på at sjukehuset på sikt kan gjennomføre slike operasjonar sjølv, seier Onders.

Glade for innsatsen

  • Denne dagen vil eg alltid huske. Angela har aldri pusta sjølv, så det er veldig spesielt for meg å sjå, seier mor Eva Stadven. Ho fortel at no kommuniserer ved hjelpa av bilete og blikkontakt. Det vil bety mykje for Angela om ho klarer å utvikle eit språk og snakke.
OPERASJON: Professor Raymond Onders (t.h) og kirurg Kjell Øvrebø (midten) gjer seg klare til å operere inn ein pacemaker som gjer at Angela skal få puste sjølv for aller første gong. FOTO: Haukeland universitetssjukehus