Forutan trakasseringa av den kvinnlege politibetjenten, harstatsadvokaten tatt ut tiltale for to tilfelle av trugsmål og skadeverk motkvinna som opphaveleg politimelde 52-åringen for valdtekt.

— Valdtektssaka mot mannen vart lagt bort etterbevisets stilling. Men i ettertid har vedkommande plaga ein politibetjent ogkvinna som var fornærma i den saka vi etterforska, seier statsadvokatKjell-Otto Lilleberg til bt.no.

Ifølgje tiltalen var det i fjor sommar at den tidlegarevaldtektssikta mannen og politikvinna møttest på ein butikk i Nordfjord. Ved tohøve gjekk 52-åringen tett innpå henne og kom med nedsetjande uttalar omintelligensen hennar. I tillegg skal mannen ha uttala at dersom politibetjentenfølte seg trakassert, så måtte ho berre arrestere han. Politikvinna ba mannenom å stoppe, og fekk til svar at han akkurat hadde begynt.

Mannen er også tiltalt for å ha trakassert og truga kvinnasom hevda ho var valdteken. 1. oktober i fjor oppsøkte han, i følgje tiltalen,bustaden hennar og opna koplingsboksen til parabolantenna på ytterveggen avhuset hennar. Her kutta han sambandet, slik at TV-signalet forsvann.

Tilfelle nummer to kom knapt to veker seinare, då 52-åringentok kontakt med kvinna på gata. Han skal ha sagt til henne at ho var sjuk, ogat han skulle knuse henne. I følgje tiltalen gjorde han dette fordi kvinnatidlegare hadde politimeld han for valdtekt.

Mannen er tiltalt etter paragraf 132a i straffelova, sområkar den som har «(...)motarbeidet rettsvesenet ved vold, trusler, skadeverkeller annen rettsstridig adferd overfor en aktør i rettsvesenet somgjengjeldelse for en handling, et arbeid eller en tjeneste som aktøren harutført i forbindelse med en straffesak».

Mannens forsvarar, advokat Erik Mjell, er for tida på ferieog ikkje tilgjengeleg for kommentar. Straffesaka mot 52-åringen startar forFjordane tingrett 15. august.