— Traileren har velta utfor vegen på riksveg 7 i Øvre Eidfjord. Føraren er frakta til Haukeland Universitetssjukehus med ryggskadar, seier operasjonsleiar Sven Johannessen i Hordaland politidistrikt.

Traileren var fullasta med fersk fisk.

— Bilen ligg der enno, men vil bli forsøkt tatt opp i formiddag. Det er mogleg at vegen blir midlertidig stengt i samband med dette, seier Johannessen.

Politiet fekk melding om ulykka klokka 23.37.