To gonger med kort mellomrom skjedde nøyaktig det same ved utgangen av Seljestadtunnelen. To trailerar skleid inn i kvarandre, og sperra trafikken. Politiet er sikre på at i alle fall to av vogntoga køyrde utan kjettingar.

– Det var ekstremt dårleg føre og bortimot snøstorm, fortel politioverkonstabel Bodil Nakke-rud ved Odda politistasjon.

Det var like før klokka ni i går kveld politiet fekk første meldinga om trafikkaoset på E134.

— Då vi kom fram hadde bergingsbilar greidd å løyse flokene, men framleis stod veldig mange vogntog i begge endar av tunnelen, seier Nakkerud. Sjølv om alle dei fire trailerane var køyrde sin veg då politiet kom til staden, har politiet sikra seg gode vitneforklaringar og vil gå vidare med saka.

Alle dei fire sjåførane var norske. I tillegg hadde ein polsk sjåfør sklidd ut i grøfta lenger nede. Men polakken hadde kjettingar, og slepp difor eit oppgjer med politiet.