45 dagar fengsel — 15 av dei på vilkår, inndregen køyrelapp i halvtanna år og 75.000 kroner i oppreisningserstatning til mannen som blei alvorleg skadd i samanstøyten som oppstod.

Det er straffa Sunnhordland tingrett idømmer ein 40 år gammal trailersjåfør som mista kontrollen over vogntoget sitt og krasja inn i ein møtande personbil på E39 ved Ådland bru på Stord i forfjor.

30 dagar i fengsel

Sjåføren må dermed sitja i fengsel i 30 dagar for køyringa, som resulterte i at hengjaren kom over i motgåande køyrefelt på vinterføret.

Sjåføren sin advokat, John Marius Dybvik seier til avisa Sunnhordland at klienten hans vil anka dommen. Lokalavisa fortalte at trailersjåføren kom køyrande i trekkvogn til retten då saka kom opp sist veke.

Ulukka ved Ådland bru ved Leirvik skjedde om kvelden 8. desember 2010. Då yrkessjåføren merka at vogntoget tok til å gli på brua, greidde han å få kontroll på trekkvogna, men hengjaren kom over i motgåande felt over ei lengre strekning før han traff den møtande personbilen i ein kraftig samanstøyt.

Tidlegare bøtelagt

Tingretten ser det som skjerpande at trailersjåføren tidlegare er bøtelagt for fleire fartsoverskridingar og brot på kviletidsregelen. Ifølgje vogntogets fartsmålar heldt han ein fart på 84 km/t i 70-sona før samanstøyten på Stord.

Eit vitne forklarte at han føretok ei farleg forbikøyring like før ulukka.

Sunnhordland skriv at Statens vegvesen si ulukkesgruppe fann at svingskiva på trekkvogna var for dårleg smurt, det har ifølgje retten ført til at hengjaren ikkje raskt nok kom inn att i rett køyrbane.