Sjåføren er lettare skadd og blei frakta til Sentralsjukehuset i Førde.

Skaden er ikkje verre enn at han gjekk «for eiga maskin».

Politiet veit ikkje kva årsaka til utforkøyringa er, vegen var ikkje glatt. Ingen andre køyretøy var involvert, og ulykka skapte heller ingen problem for trafikken.

Traileren hadde ikkje farleg gods om bord.