Traileren var på veg sørover E 39 utan last då hengjaren truleg fekk sleng og kom utanfor vegen på venstre side. Deretter fekk sjåføren manøvrert køyretøyet inn i skogen på motsett side og såleis forhindra i siste sekund samanstøyt med ein møtande personbil.

Ulukka skjedde på vått men ikkje glatt føre i 19-tida. Den danskeigde trekkvogna med svenskregistrert hengjar hamna heilt utanfor vegen, slik at trafikken kunne passera relativt kort tid etter ulukka.

Trailersjåføren blei transportert til sjukehus med blant anna brotskader i ein fot.

KNUST FØRARHUS: Den danske trailersjåføren blei berre lettare skadd idet han fekk manøvrert køyretøyet utanfor vegen og hindra kollisjon med ein møtande bil på E 39 ved Grov –på Stord i kveld.
FOTO: OVE OLDERKJÆR