Ein 17 meter lang trailer sperra Vikafjellsvegen på Voss si side i over to timar fram til klokka 17.15 i dag.

Vegen har vore stengt i tre veker på grunn av uvêr og mykje snø, og var endeleg opna igjen då vogntoget køyrde seg bom fast.

Det var ein svensk registrert trailer med aust-europeisk sjåfør. Til trass for to kjettingar, kom ikkje traileren seg av flekken.

Einar Kløve som køyrer bergingsbil for Vik Bil A/S kom til staden og slepte han opp på fjellet.

Bilistar som hadde sett fram til å køyre over Vikafjellet, fekk seg ei negativ overrasking. På begge sider av traileren stod det fleire bilar og ein buss å venta på å kome forbi. Bussen klarte ikkje å halde ruta si.

– Dei tok det greitt, det er jo ikkje heilt uvanleg at vegen er sperra her. Er det ikkje vêret, så er det ein trailer, seier Kløve.

SPERRET: Den svenskregistrerte traileren fekk problem over Vikafjellet.
Sveinung Klyve