Eit vogntog sklei rett og slett av vegen i natt ved Lundebotn mellom Skei og Fjærland i natt. Arbeidet med å få opp vogntoget har no starta, men vegvesenet reknar ikkje med at arbeidet er ferdig før rundt klokka 14.

På det glatte føret greidde ikkje sjåføren å få vogntoget opp ein bakke. Føraren stoppa, og gjekk ut for å leggje på kjettingar. Men før han hadde fått på kjettingane, tok traileren til å sige bakover. Vogn-toget sklei over 100 meter, før hen-garen forsvant ut i grøfta.

Vogntoget var lasta med silisium frå smelteverket i Svelgen, og skulle til Porsgrunn. Før vogntoget kan trekkast opp att på vegen, må hengaren tømmast for silisium.