Den norskregistrerte traileren tok til å brenne på veg opp på fjellet. Politiet fekk melding klokka 18.24.

– Brannen har vore veldig kraftig. Bakken er heilt svidd 50 meter nedover vegen, seier bt.no sin journalist på staden.

Traileren står to kilometer oppover mot Hemsedalsfjellet ifrå Borlaugskrysset.

Brannen blei sløkt klokka 19.20, og dei blei opna for manuell dirigering ein time seinare. Då hadde vegen vore stengt i ein time og 45 minutt.

Traileren var lasta med utgravingsmasse etter aluminiumsproduksjon. Denne har utvikla mindre mengder med ammoniakkgass.

– Det var ikkje eksplosjonsfarleg last, men lasta utvikla små mengder ubehageleg ammoniakkgass. Denne var ikkje helsefarleg, seier operasjonsleiar Inge Verøy i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Årsaka til brannen var at mellomakslingskrysset rauk, slik at mellomakslingen vart laus. Denne slo hol på hydraulikkoljepumpa slik at det kom olje på manifoilen, skriv politiet i loggen.

INGEBORG KRISTVIK
INGEBORG KRISTVIK
LEON RENNESTRAUM (MMS)