— Ein trailer står i brann i Lærdal. Me har ikkje fått meldingar om personskade, seier operasjonsleiar Wenke Hope i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Politiet fekk melding om brannen klokka 20:52.

— Brannen er no sløkt. Heile huset på traileren er brent opp. Det har ikkje vore fare for spreiing, seier Atle Jansen ved Sogn og Fjordane politidistrikt til bt.no klokka 22:20.

Han seier vidare at ein bergingsbil er på veg til staden.

Traileren skal stå ved Holesvingane i Lærdal. Vegen er ikkje stengt, ifølgje politiet.