Ulykka skjedde då bilen hans kolliderte med eit tre ved Langevåg ferjeleie på Bømlo laurdag kveld.

— Føraren er mistenkt for promillekøyring og for å ha hatt for høg fart. Bilen fekk truleg sleng, hamna utanfor vegen og kolliderte med eit tre, seier Torgeir Stødle, i Sunnhordland og Haugeland politidistrikt.

Det skal ikkje ha vore andre bilar inblanda i ulukka. I bilen var det seks personar, tre frå Litauen og tre nordmenn.

To er skadde. Ein vart sendt med luftambulanse til Haukeland sjukehus, den andre til sjukehuset på Stord.

Dei fire siste skal vera uskadde.

Sunnhordland og Haugeland politidistrikt melding om trafikkulukka Kl. 22.40.