I løpet av første halvår i år har trafikken over Nordhordlandsbrua auka med 5,1 prosent i høve til 2001. Trafikkauken i juni var på 2,8 prosent i høve til året før.

Størst døgntrafikk var det fredag 21. juni, då 12 714 køyretøy kryssa brua. Dette talet er likevel under rekorden frå fredag 29. mai 1998. Denne dagen passerte 12.896 betalande køyretøy brua.

Dersom trafikkveksten på 5 prosent held fram også i juli og august, vil døgntrafikken også i desse månadane overstiga 10 000 køyretøy.