Om lag ein kilometer frå Sande, retning Bergen, kjørte ein traktor tysdag ettermiddag utfor vegen etter å ha lagt seg litt for langt ut i møte med ein trailer.

Traktoren sin tilhengar reiv ned ein stolpe med ei lågspentline.

Vegen på staden vart stengt i om lag 15 minutt, men på den korte tida danna det seg køar på begge sider.

— Føraren vart sendt til medisinsk kontroll for å vera på den sikre sida, seier operasjonsleiar i Sogn og Fjordaen politidistrikt Einar Vereide.