20.860.000 bilar passerte bompengeringen i Bergen i 2002, mot 20.350.000 i 2001.

I gjennomsnitt betyr det at over 84.000 bilar køyrde gjennom bompengeringen kvar betalingsdag.

— Det er ei auke på rundt tre prosent, etter at vi året før kom ut om lag heilt likt. Men det skuldast truleg takstauken frå seint i 1999, seier direktør Tore Skulstad i Bro- og Tunnelselskapet til Bergens Tidende.

Men også på landets travlaste ferjekai vert det stadig mindre plass. Frå januar til november 2002 hadde 665.000 bilar køyrt om bord eller i land på Halhjem.

Dermed er det grunn til å tru det samla trafikktalet for 2002 på Halhjem vil gå godt over 700.000 når desembertala ligg føre om ei vekes tid.

Og nesten alt dette, bortimot 2000 bilar i døgeret, må kvela seg opp eller ned Mobergsbakkane og gjennom Os sentrum. Ikkje rart Os kommune ser fram til å få retta ut Europaveg 39, eit arbeid som vil ta til i år.

Det er ikkje noko nytt at ferjesambandet Halhjem-Sandvikvåg syner nye trafikkrekordar år for år. Rundt 5 prosent plar det liggja, og for januar-november 2002 er auken 4,8 prosent samanlikna med i fjor.

Størst auke til Fedje

Men den største prosentvise auken er å finna hjå det minste sambandet av alle i Hordaland, nemleg Sævrøy-Fedje. Der er auken heile 12,2 prosent. I reine tal er det 32.001 bilar i perioden januar-november 2002 mot 28.527 bilar i same perioden 2001.

Også ferjesambandet Leirvik-Ranavik-Sunde syner fin framgang med over 8 prosent.

Framgang er det óg på det nest største ferjesambandet i fylket, Bruravik-Brimnes, der auken er på 0,5 prosent. I reine tal gjekk trafikken opp frå 323.625 bilar, store som små, til 325.251.

Nedgang på Breistein

Berre to ferjesamband frakta færre bilar i 2002 enn i 2001. I Sunnhordland må Folgefonntunnelen og Trekantsambandet ta ansvaret for trafikknedgangen på Utåker-Matre-Skånevik.

På Osterøy veks trafikken over Osterøybrua etter at Hannisdalslina gjorde vegen til brua kortare og betre. Det går ut over ferjetrafikken mellom Breistein og Valestrandsfossen. Nedgangen over dei 11 månadene er ikkje større enn på vel eitt tusen bilar, men så har heller ikkje Hannisdalslina vore i drift stort meir enn tre månader.

Stabilt over Vidda

På fjellovergangane aust-vest verkar det som trafikken har stabilisert seg mellom Rv 7 Hardangervidda, Rv 50 Hol-Aurland, Rv 52 Hemsedal og E16 over Filefjell. Ser vi bort frå variasjonane som er ei naturleg fylgje av vinterveret, har Rv 7 over Hardangervidda ein gjennomsnittleg trafikk på 1046 bilar i døgeret frå og med mai til og med 28. desember. Det er praktisk talt det same som i 2000, då aust-vest-sambandet over Hardangervidda var utan konkurranse frå Lærdalstunnelen til slutten av november. I 2001 fall trafikken over Vidda i same tidsrommet til 990 bilar i døgeret.

Hemsedal om vinteren

Tal frå vegstasjonen i Lærdal syner at Hardangervidda har nesten like stor trafikk som Hemsedal og Aurland-Hol til saman i månadene juli, august og september, både i 2001 og 2002. I juli var trafikken over Vidda 2450 bilar i døgnet, og 2564 bilar til saman over Aurland-Hol og Hemsedal. I den fyrste haustmånaden, september, er talet for Vidda 1006 i døgnet og 1198 for Aurland-Hol og Hemsedal.

Så snur det seg i oktober, med auka risiko for snø og glatte vegar. Frå då av har Rv 52 over Hemsedal størst trafikk.

I oktober 2002 minka døgntrafikken over Hardangervidda frå 603 til 541 bilar. På Rv 50 gjekk trafikken ned frå 281 til 264, medan det var auke både over Hemsedal og Filefjell.

I november snudde det hin vegen att. Då auke trafikken på Hardangervidda frå 201 til 232 bilar i døgnet, medan dei tre andre overgangane gjekk ørlite attende.