Det er skikkelig historisk sus over øyperlen ved Bjørnefjorden sør for Bergen. Godøysund har vore gjestgjevarstad og handelsstad sidan mellomalderen. Staden er dokumentert som herberge for reisande frå 1652.

Eigedomen står for sal, og meglar Harald Heid i eigedomsselskapet Colliers Bjørdal Partners har tru på at salet vil vera avslutta i løpet av august. Han stadfestar at det har kome inn eit bod på 8,5 millionar kroner.

— Det er altfor lågt, men det er ein start. No skal me få i gong bodrundar og få opp prisen, seier Heid.

Prinsehytten til fritidsbruk

— Det er rundt ti seriøse interessentar i eigedommen. Eit par av dei er lokale frå Sunnhordland, ein er frå Oslo og resten er stort sett frå Bergen, seier Heid.

— Dette er seriøse interessentar med pengar som ønskjer å utvikla eigedommen. Fleire er spennande namn, men eg vil ikkje gå ut med dei enno, seier Heid.

— Kva planar har dei for eigedommen?

— Nokre tenkjer å byggja hytter, nokre vil driva hotell, medan andre vil ta vare eigedommen slik han er i dag, seier Heid.

HMK kong Olavs gamle hytte er også eit av husa som no er for sal på eigedommen. Den såkalla Prinsehytta kan bli aktuell som privat hytte, trur Heid.

Nyrestaurerte Sjøbuo, som i dag er open pub og restaurant for folk på Tysnes, vil truleg bli drive som før.

Ordførar ser raudt

Ordførar Lorentz Lunde i Tysnes kommune likar ikkje tanken på at Godøysund kan bli nytta som fritidseigedom for rikingar utanfrå.

— Det er heilt uaktuelt å driva noko anna enn hotell på Godøysund. Vi har ein reguleringsplan for området som seier at det skal vera næringsverksemd med hotell. Det er inga politisk stemning for å endra denne reguleringsplanen, seier ordføraren til Bergens Tidende.

Maurholmen er også for sal saman med Godøysundeigedommen, og er regulert til hytteformål.

— Dei som kjøper Godøysund for fritidsføremål, vil få katta i sekken. Det er frustrerande at nokon trur dei kan få den historiske gjestgjevarstaden til privat feriestad. Det er ein av dei få gjestgjevarstadane me har i kommunen, og han skal ikkje brukast til noko anna.

— Det er arbeidsplassar og aktivitet på hotellet vi ønskjer, og ikkje fleire feriebustadar.

Hotelldrift ikkje nemd

I salsannonsen som stod i Bergens Tidende tidleg i juni, er ikkje hotelldrift nemd. I staden er fokuset fleire øyar som er regulert til hyttebygging og næringsverksemd.

— Hotelldrift er dyrt. Om nokon tør byggja nytt hotell for 70-80 millionar kroner i dag er usikkert. Jan Straume prøvde, men fekk marknaden mot seg, seier meglar Harald Heid.

— Eg er veldig skuffa dersom meglaren ser sjansen til å selgja til private. Då har han ikkje skjønt kva status eigedommen har, seier Lunde.

Tidlegare eigar, Jan Straume, gjekk konkurs i forsøket på å rusta opp eigedommen og byggja nytt hotell.

Fakta/Godøysund:

  • Godøysund som gjestgjevar-, handels- og skysstad har røter tilbake til middelaldaren.
  • 1622-1623: Godøysund var lasteplass for skotteskip som dreiv trelasthandel.
  • Frå 1693 var Godøysund lokal handelsstad.
  • Frå 1750: Tingstad for Tysnes.
  • 1850: Landhandel blei oppretta, og madam Bakke fekk privilegium til å driva landhandel på vilkår av at gjestgjevarstaden blei halden i hevd.
  • Bergensar Gerhardius Petrus Gullaksen etablerte Godøysund hotell i 1882, i tillegg til landhandel og gardsbruk.
  • Skipsreiar Håkon Wallem kjøpte eigedommen i 1938. Wallem-familien dreiv handel, sommarhotell, dampskipsekspedisjon og telefonstasjon fram til 1965 då landhandelen og poståpnartenesta blei nedlagd.
  • 1966: Det gamle hotellet brann, og nye Godøysund hotell stod ferdig i 1967.
  • 1982: Leif Einar Nilsen overtok og dreiv sommarhotell, kurs- og konferanseverksemd til eigedommen blei kjøpt av tysnesingen Jan Straume for fem millionar kroner i 2000.

Kjelde: lokalhistorikar Ernst Berge Drange

<b>HISTORISK EIGEDOM:</b> 8,5 millionar kroner er bydd for Godøysund fjordhotell, Prinsehytten, Sjøbuo og Maurholmen. Meglar Harald Heid i Colliers Bjørdal Partners reknar med at eigedommen er seld før utgangen av august. <br/> (FOTO: MORTEN HAALAND, BLADET TYSNES)
MORTEN HAALAND, BLADET TYSNES