OL-meisteren i kulekøyring er eit smilande midtpunkt i dugnadsgjengen i Myrkdalen, som er vertskap for verdscupsirkuset i fristil denne veka. Til saman 300 tilreisande, med utøvarar og støtteapparat, er alt på plass på Voss.

Det byrjar med skicross onsdag, eit renn som blir historisk. Det er nemleg første gang det blir arrangert verdscup i denne skidisiplinen i Skandinavia. Kvalifiseringa er onsdag, finalar torsdag.

**Sjå video:

Kulefeber**

— Dette er topp underhaldning! Fire løparar starter samstundes, og det er lett å sjå kven som kjem først til mål. Dette blir gøy for publikum, trur Kari Traa.

Skicrosslaget har då også markert seg med sterke resultat, og ifølgje Norges landslagssjef Kjetil Søvik er medalje i OL i Vancouver slett ikkje urealistisk.

Sjef for kulene

Men det er kulebakken som er Karis område, og der er ho bakkesjef fredag. Det er ei oppgåve ho gler seg stort til.

— Det er veldig artig å vera på plass som funksjonær, og som bakkesjef for kulebakken. Eg har fått mykje støtte frå dugnadsfolk heile den tida eg var aktiv, og no er det kjempekjekt å kunne bidra på denne delen òg, smiler 34-åringen.

  • Bakken er fin og kjem til å slå godt an hos utøvarane, trur Kari, som skryt av den jobben løypemannskapa har gjort.

— Gutane med trakkemaskinene her i Myrkdalen har jobba i lang tid med å flytta snø inn i bakken. No har vi nok å ta av, og kan forma bakken slik vi vil. Vi legg opp til fem ulike spor, som løparane kan velja i når dei køyrer, fortel Kari.

Tre frå Voss med

Landslagssjef David Kantermo seier at det er først og fremst finaleplass dei norske utøvarane kjempar om på fredag. Dei fire norske utøvarane er alle frå Hordaland. Tre er frå Voss, og det er Vinjar Slåtten, Knut Lemme og Tevje Lie Andersen. Fjerdemann er Audun Hammersland frå Bergen Freestyleklubb.

  • Vi har eit ungt landslag som ikkje har store forventningar på seg. Dei skal først prestera om nokre år, svarer den svenske landslagssjefen. Det er ingen norske kvinner på startstreken, men Kari Traa har eit godt håp om at fleire norske er i verdstoppen til VM på Voss i 2013. Laurdag arrangerer Kari Traa eit invitasjonsrenn i kulekøyring, som markerer slutten på fristilveka på Voss.

Kulefeber**

ALT KLART I MYRKDALEN: - Gøy å vera på plass som funksjonær, seier bakkesjef Kari Traa, her saman med trakkemaskinfører Kristian Agledal og driftsleiar Kjell Rune Agledal.
PER BERGE