— Vi får ta ein runde til, seier Kjartan Longva.

Det skjer etter at Høyanger-ordføraren i går ettermiddag møtte styreleiar Jan Reinås, generaldirektør Eivind Reiten og aluminiumdirektør Jan-Harald Nilsen i Hydros hovudkontor på Vækerø i Oslo. Eit toppa Hydro-lag.

— Det må om kort tid komme eit nytt møte om omstillingsarbeidet. Når Hydro no stengjer C-hallen eitt år tidlegare, må arbeidet med å skaffe nye arbeidsplassar intensiverast, seier ordføraren.

Fortruleg møte

Bortsett får dette kom det ingen nye signal frå Hydro-toppane.

— Dei gav vel uttrykk for at dei kan vere litt fleksible med at alle omnane i C-hallen skal vere sløkte innan 1. januar. Men dei levna ikkje tvil om at dei startar arbeidet med å stenge ned hallen i haust, seier Longva.

Også kjemiskleiar i Høyanger, Billy Fredagsvik, var i går i møte med Eivind Reiten. Men han vil ikkje seie noko om kva som kom fram.

— Det var eit fortruleg møte mellom toppsjefen og Høyanger kjemiske, seier fagforeiningsleiaren.

Men også han understrekar at omstillingsarbeidet må gå vidare.

— Det blir arbeidd med fleire ulike prosjekt. Vi har ikkje noko konkret så langt, seier Fredagsvik.

Avlyst i Årdal

Avgjerda om å stenge C-hallen og setje 120 tilsette i Høyanger på porten eitt år før tida, har ført til sterke reaksjonar på dei andre fire stadane der Hydro produserer aluminium.

I Årdal skulle dei etter planen ha markert konsernets 100-årsjubileum med open dag i Hydroparken i dag. Men eitt døgn før det godt planlagde arrangementet skulle gå av stabelen, blei det avlyst. I solidaritet med Høyanger.

— Det er ikkje noko grunn til å feire, meiner årdølene som fryktar at dei er dei neste på lista. Også i Årdal skal Søderbergteknologien fasast ut seinast innan utgangen av 2006. Så langt har det ikkje komme signal om at Hydro planlegg å skunde fram også lengst inne i Sognefjorden.

Også i Høyanger avlyste dei jubileumsmarkeringa. Der gjekk dei i staden i demonstrasjonstog mot konsernet.

Protesterer mot styret

Avlyste 100-årsdagar er ikkje det einaste Hydro må svelgje i jubileumsåret.

Når Hydro-toppane i dag dreg frå Oslo til Rjukan for sitt to-dagers styremøte, kjem dei til å bli helsa farvel av kring 100 tillitsvalde som protesterer med kutta i selskapet. Delegasjonar frå Årdal, Høyanger, Sunndalsøra, Karmøy, Herøya og Tyskland skal markere sitt syn overfor styreleiar Reinås og generaldirektør Reiten.

— Vi skal overlevere to brev, eitt frå dei norske og eitt frå dei tyske aluminiumverka, seier Billy Fredagsvik.

Ingen trur likevel at Hydro vil snu.