• Det er så usannsynlig at DNA'et som vart funne på Anne Slåtten stammer fra nokon andre enn tiltalte at vi ikkje kan klare å talfeste det.

Det meinte senioringeniør Bente Mevåg frå Rettsmedisinsk Institutt ved Universitetet i Oslo.

Ho har leia arbeidet med DNA-analysene i saka, og meinte det nærast var umogeleg at det biologiske materialet på brysta og leppene til Anne Slåtten kunne vere frå andre enn tiltalte.

— Det er minst ein million ganger meir sannsynleg at DNA'et stamar frå tiltalte enn at det stammar frå nokon annan. I tilfelle der det er meir enn tusen gangar meir usannsynleg, meiner fagfolk at ein ikkje skal setje noko tal på dette, sa Mevåg, som meinte at einaste sjansen for at andre enn tiltalte hadde avsett det biologiske sporet, var dersom han hadde ein einegga tvilling.

Mevåg forklarte at dei fann tre prøver som positivt identifisert tiltalte, kor ei var ein rein, sjølvstendig identifiserande DNA profil. Den andre er identifiserande i samanheng med den første og den tredje var ei blanding av offerets og tiltaltes profil funnen på Anne Slåttens lepper.

I si forklaring gjekk Mevåg gjennom korleis slike DNA-prøver vert samanlikna, og retten fekk ei innføring i verdien av desse bevisa. Totalt har Rettsmedisinsk Istitutt undersøkt 60 DNA-prøver frå åstaden, mottatt 1242 prøver frå vitner og undersøkt 1058 av desse.

<b>DREPT:</b> Sjukepleiarstudent Anne Slåtten vart funnen drept måndag 7. juni i fjor.
Privat